#21 – Ver ikkje redde!

Dagens tekst kommer i form av Juleevangeliet. Denne eldgamle teksten ført i pennen av legen Lukas som forteller historien om Jesu ankomst til denne jorda. Versjonen nedenfor er hentet fra den nynorske bibeloversettelsen fra 2011. Bildet er stjålet, med håp om tilgivelse, fra Maria Gjerpe som er kvinnen bak den flotte bloggen Marias metode

-go

Juleevangeliet, Evangeliet etter Lukas, kap 2, vers 1-20

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.

Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»

Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.

Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

3 comments

  1. Du er tilgitt herfra til månen for tyvelån av foto 🙂

    Jeg ser du har lagt inn tekst fra Lukas, legen, i dag. Lukas skriver om håp.

    Det å håpe, men likevel leve med det som er, akseptere, men likevel forvente og å strekke seg mot det som er bedre, annerledes, et annet sted, men også her, der vi er, akkurat nå – er essensielt for å kunne leve og overleve.

    Jeg tror kanskje at det er noe av det viktigste vi leger og medmennesker kan være med å bære for våre pasienter og våre medvandrere: håp.

    Jeg ønsker deg og dine en fin jul, Geir Olav, og takker deg for flott følge også i dette året.

    • Hei du,
      Fint med tilgivelse. Det har jeg klokketro på.

      Og takk for fin refleksjon om håp, aksept og overlevelse. Jeg kjenner meg godt igjen i det å akseptere, men samtidig strekke seg etter, håpe og tro.

      Som du kanskje har skjønt kommer jeg fra kristne kår. Noe av det jeg har tatt med meg derfra er akkurat det du setter ord på.

      God jul til deg og dine også. Nok et år med kun virtuelt vennskap . . . . 🙂

      -go

  2. Tilbaketråkk: #21 – Lys!! « ab imo pectore

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: